NRK Meny

Fylket kan få eige mobbeombod

Frå august kan vi få eit eige mobbeombod i fylket. Fylkestinget kjem tysdag til å vedta å opprette den nye stillinga som skal verne elevar mot mobbing. Det skjer i eit spleiselag der staten tek halvparten av kostnadane. Fylkeskommunen kjem til å bruke 250 000 kroner på dette i år, og 500 000 kroner i året vidare. Frå før har elev- og lærlingombodet i fylket også hatt ansvar for mobbing, men frå hausten av blir det eit eige mobbeombod.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune