NRK Meny

Fylkesveg stengt til måndag

I går stengte eit ras fylkesveg 63 mellom Lavik og Løland bru i Høyanger. Statens vegvesen opplyser at vegen først kan bli opna i morgon, då det er fare for at det kjem ned meir stein. Ein geolog skal synfare staden i løpet av morgondagen. Vegbana er no delvis sperra av ei diger steinblokk på omlag ein kubikkmeter, i tillegg ligg det fleire kubikk med stein i grøftekanten. Massane har slept taket omlag fem meter over vegen. – Når det er så stort så reknar eg med at det må sprengast vekk. Det ser ut til at det er meir laust og det må enten reinskast eller sikrast, seier Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar