Hopp til innhold

1062 dagar til Sogn og Fjordane er historie

HERMANSVERK (NRK): Det er 1062 dagar att til Sogn og Fjordane er historie. Fylkestinget har vedteke å gå vidare med intensjonen om å slå saman fylket med Hordaland.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane

HISTORISK: Fylkestinget under røystinga torsdag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det betyr at Sogn og Fjordane og Hordaland er éin og same region frå 1. januar 2020, dersom fylkestinget i Hordaland gjer same vedtaket fredag.

19 mot 12 representantar røysta for intensjonsavtalen.

Men vedtaket som fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok torsdag, var ikkje utan det same MEN-et som vedtaket i fylkesutvalet var dagen før:

Det må bli ei reell reform. Stortinget må redusere dagens 19 fylke til om lag 10 regionar. Og regionane må få nye oppgåver.

Elles vil Sogn og Fjordane halde fram som eige fylke også frå 2020.

  • Her er eit par av reaksjonane etter vedtaket, frå Åshild Kjelsnes (Ap) og Aleksander Øeren Heen ( Sp):
    Reaksjonar på fleirtalet

Kjensler

– Det var ein debatt prega av kjensler. Det har stått mellom prinsipp som står i partiprogramma våre, og det å sikre fylket dersom Stortinget vedtek 10 regionar. Fleirtalet har valt å gå inn for intensjonsavtalen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, seier fylkesordførar Jenny Følling til NRK.

Debatten varte i 2,5 timar og dreia seg rundt dei skiljelinene som tidlegare har vore tydelege i regiondebatten. Senterpartiet meiner Sogn og Fjordane bør halde fram som eigen kommune, og fekk med seg SV på framlegg som ved røysting fall.

Resten av fylkestinget argumenterte med ulik tyngde for at Sogn og Fjordane må gå inn i den nye regionen med naboane i sør.

Mellom anna for at fylket skal ha større kontroll på kva som skjer med fylket sine ressursar dersom Stortinget vedtek 10 regionar.

– Dersom det blir nei til avtalen her, og Stortinget gjer som dei har sagt dei vil gjere, då kan vi bli samanslått og delt mellom andre fylke, utanfor vår kontroll, sa gruppeleiar Åshild Kjelsnes (Ap) under debatten.

Sigurd Reksnes

– BEST MED EIGE FYLKE: Gruppeleiar Sigurd Reksnes i Sp.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Nær folket

– Sp sitt mål er at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke. Vi trur samfunnet blir best styrt om avgjerdene blir gjort nær folk. Den eigentlege grunnen til reforma er at Frp og Høgre vil sentralisere for å skaffe midlar til andre område, sa gruppeleiar Sigurd Reksnes i Sp.

Frank Willy Djuvik (Frp) var oppteken av at berre tre prosent av verdiskapinga vart forvalta av folkevalde organ på Vestlandet i dag.

– Det er ikkje godt nok. Vi bør forvalte meir av ressursane og ein større region kan det. Dei som seier nei til samanslåing, meiner eigentleg at Oslo kan halde fram med å forvalte verdiane som blir skapt på Vestlandet, sa Djuvik.

Skuffa, men ikkje overraska

Miljøpartiet dei grøne gjorde framlegg om å utsetje saka, men forslaget fall mot partiet sin representant Stein Malkenes si røyst.

Aleksander Øren Heen (Sp) var i mindretalet som ville seie nei til intensjonsavtalen.

– Eg er skuffa, men ikkje overraska. Det var venta at dei ville nok ein gong avvikle Sogn og Fjordane. Det er ikkje noko eg er glad for. Eg meiner dette fylket har framtida føre seg. Vi burda ha halde på det sjølvstyret vi har.

Øren Heen peika på at makt og ansvar blir flytta vekk frå folk på stadig fleire område. Men Senterpartiet fekk og kritikk mot seg frå andre parti i debatten. Det tek han med stor ro.

Trude Brosvik (KrF)

– POSITIVT VEDTAK: Trude Brosvik (KrF).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det er heilt greitt. Vi er veldig tydelege, og det er ikkje dei andre. Vi toler å bli utfordra på standpunktet vårt, for vi står på trygg grunn. Og eg opplever at innbyggjarane i Sogn og Fjordane er samde med oss, det ser vi på meiningsmålingane.

– Motverke sentralisering

Trude Brosvik frå Kristeleg Folkeparti meiner derimot at fylkestinget gjorde eit positivt vedtak.

– Det sikrar Sogn og Fjordane som ein viktig del av Vestlandet. På denne måten kan vi motverke sentraliseringa som føregår mot Oslo-regionen. Dette kan flytte makt ut derifrå. Mykje av det som i dag skjer i direktorat i Oslo bør ut i folkevald styring i regionane.

Fredag skal Hordaland fylkesting ta stilling til intensjonsavtalen.

Franbk Willy Djuvik (Frp) og Aleksander Øren Heen (Sp)

KJENSLER: Frank Willy Djuvik (Frp) og Aleksander Øren Heen (Sp) i ein kort, men heftig passiar i pausen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK