Hopp til innhold

Fylkesmannen fryktar traktordur og møkalukt – seier nei til at huset kan seljast til ungt par

STADLANDET (NRK): Familien ville selje eit eldre hus på garden. Eit ungt par frå Oslo vil kjøpe det, og stifte familie i utkantbygda. Politikarar og naboar seier eit rungande ja, men Fylkesmannen seier nei.

Hus i Ervik på Stadlandet

VIL FRÅDELE: Jonas Larsson (t.v.) og ordførar Stein Robert Osdal (KrF) meiner det burde vere mogleg å gi løyve til å dele frå dette huset.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er trist. Det betyr veldig mykje å få tilflyttarar. Kvar familie tel her på bygdene, seier Jonas Larsson.

På andre sida av tunet står eit eldre nyoppussa hus med hage rundt. Huset ligg tett inntil fylkesvegen, og med eigen tilkomst.

Larsson og familien bur sjølve i eit nyare hus på garden, og ser sjansen for å få sårt tiltrengde tilflyttarar til utkantbygda Ervik ved Stadhavet. Men Fylkesmannen nektar frådeling.

– Fylkesmannen gjer sikkert ein god jobb, men akkurat i dette tilfellet hadde dei uttalt seg annleis om dei hadde vore her og sett, meiner Larsson.

Ordføraren er lei seg over det han kallar for overformynderi frå Fylkesmannen.

– Eg blir motlaus og sint. Eg kan skjønne at ein seier nei om frådeling er til hinder for utviklinga av garden, men her står ein på ei tomt som er slått med plenklippar, seier Stein Robert Osdal (KrF).

Jonas Larsson

MÅ VENTE: Jonas Larsson må vente på om han får dele frå huset.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fryktar møkalukt og traktordur

I mars søkte Larsson om å få dele frå huset med hagetomt på 800 kvadratmeter. Både administrasjon og formannskap har sagt ja til frådeling. Ingen naboar har protestert. Men Fylkesmannen vurderer huset som ein del av tunet på bruket, og viser til at det er dyrka mark i grensa til eigedomen

«Lukt frå spreiing av husdyrgjødsel eller støy frå landbruksmaskiner er døme på aktivitetar som kan føre til arealbrukskonfliktar», skriv Fylkesmannen i si klage.

Ervik på Stadlandet

BYGD MOT HAVET: Huset som er søkt frådelt ligg til venstre i biletet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fryktar naboar til gardsbruk vil gi konfliktar

Kommunaldirektør hjå Fylkesmannen i Vestland Nils Erling Yndesdal seier terskelen er høg for å gi løyve til frådeling. Derfor klaga dei på kommunen sitt løyve.

– Området er nyleg sett av til landbruk, natur og friluftsliv av kommunen. Det er mogleg å dispensere, men vi vurderer det slik at det vil vere ulemper for landbruket.

– Kva slags ulemper?

– Det er kjente ulemper, spreiing av møk, trafikk, maskiner, vifter og anna type aktivitet på eit vanleg gardsbruk, seier Yndesdal.

– Kan like godt legge ned heile bygda

– Om ein fryktar bråk frå landbruksmaskin og møkalukt så må ein like gjerne legge ned heile bygda, seier ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF).

Kommunen treng tilflyttarar, men ytterst mot Stadhavet strevar tilflyttarar med å unngå strandsonevern, landskapvern, ras og verutsette områder og jordvern.

I saksutgreiinga skriv kommunen eit hjartesukk: «Bruk av eksisterande bygningar, og utan nedbygging av landbruksareal må reknast for å vere berekraftig arealbruk.»

– Når ein står i hagen og ser verkelegheita så er det rett og slett heilt uforståeleg at Fylkesmannen nektar å skilje frå tomta her, seier Osdal.

Stein Robert Osdal

OPPGITT: Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Avviser overformynderi

Nils Erling Yndesdal avviser at dei driv med overformynderi mot lokalsamfunn som ynskjer tilflyttarar. I Ervik er eit anna område sett av for spreidde bustadtomter i kommuneplanen.

– Dette er eit regelverk som Stortinget har vedteke. Det er ikkje alle typar vedtak kommunen står fritt til å bruke politisk skjønn på, seier Yndesdal.

– Dei meiner saka hadde stilt seg annleis om de faktisk hadde sett på eigedomen?

– Vi har god kjennskap til området, vi har flyfoto, kart og gode opplysningar i saka, seier Yndesdal.

Hus i Ervik

LANDBRUK: Fjøsen i framkant høyrer til garden til Larsson, der det er søkt frådeling.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

No skal saka vurderast igjen

Saka går no til setjefylkesmannen for avgjerd. Normalt tar det to til tre månader.

– Det hadde vore kjempekjekt om det kom eit ungt par flyttande til bygda, ingenting ville gleda oss meir, seier Jonas Larsson.