Hopp til innhold

Fv 609 stengd etter lastebiltrøbbel

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde var stengd i over ein time etter at ein lastebil køyrde seg fast ved Vågane.

Transferd køyrde seg fast

SKORFAST: Lastebilen frå Transferd blei ståande fast på fylkesveg 609.

Foto: NRK-tipsar

Statens vegvesen fekk inn melding om uhellet om lag klokka 19.15, og det er ingen moglegheiter for passering for nokon køyretøy.

– Ein kan køyre om Dale og det nye Dalsfjordsambandet, det er venta at bergingsbil kjem fram til staden klokka 21, opplyste Statens vegvesen.