Hopp til innhold

Funnen omkomen etter hyttebrann

Ein person er stadfesta omkomen etter brannen i ei hytte ved Hildastranda i Innvik.

Hyttebrann i Innvik

BRANN: Hytta stod i full fyr då brannmannskap kom fram til staden.

Foto: Jan Ivar Vik

Politi og brannvesen fekk klokka 14.30 melding om at ei hytta stod i brann ved Innvik.

Hytta var overtent då naudetatane kom fram. Hytta vart totalskadd i brannen og i 16.30-tida dreiv brannmannskap ettersløkking på staden. Ein times tid seinare stadfestar politiet at ein person er funnen omkomen i hytta.

– Personen er førebels ikkje identifisert og årsaka til brannen er førebels ukjend, opplyser politiet.

Brannen blir etterforska vidare ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Video Brann i hytte i Innvik

SJÅ: Ein person omkom i hyttebrann i Innvik.