Hopp til innhold

Då kongen kom til Måløy - sjå bileta frå den elleville Elvisfesten

Til dagleg er ei svært viktig fiskerihamn eit avgjerande stikkord om ein skal skildre Måløy. Denne helga er kjenneteikna brylkrem, opne skjorter, harry bilar, pyroshow og Elvis-tolkingar. Og fest.

– Kort og godt: på grunn av folket har dette vore heilt fantastisk!

Isak Søraa kan fortelje om fullt hus både på kyrkjekonserten og i festteltet i fredag kveld. I kyrkja måtte dei faktisk seie nei til folk i døra: det var smekkfullt.

– Og i teltet var det heilt enormt, heilt vanvittig bra! Det er så herleg, skrik Søraa svært entusiastisk i telefonen.

No i ettermiddag har det vore Barnas Elvis og Junior Elvis, og snart startar Vaksen Elvis. Der får folk i alle aldrar moglegheit til å gjere si tolking av kongen.

Det er allereie utseld også i kveld. Dei som har billettar kan forvente ny fest.

– Det vert fullt show heilt frå no til klokka to i natt, jublar Søraa. Igjen svært, svært, svært, entusiastisk.