Hopp til innhold

Rusa menn gav politiet ei svært hektisk natt

Alkohol, bråk og menn i 20-30-åra kan trekkast fram som stikkord frå aktiviteten til politiet i natt.

Politibil i Førde.

ILLUSTRASJONSFOTO: Politiet har hatt nok å henge fingrane i gjennom natta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dei som gjekk av vakt sa at det hadde vore ein god del hendingar. Mykje har vore ruse, men ikkje alt kan knytast til julebordsesongen, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt i Florø.

Slost seg i arresten

I Førde sit mellom anna to menn i slutten av 20-åra i arresten etter ein slåstkamp utanfor ein utestad i sunnfjordbyen. Politiet fekk melding klokka 04.40 om at dei var inne på eit hotell. Vakter og ein vektar på staden greip inn.

I første omgang vart vektaren angripen og då politiet kom til staden vart også dei utsette for vald. Då mennene heller ikkje følgde ordre om å gå frå staden, fekk dei derimot ei natt i arresten.

– Mennene blir melde for ordensuro, vald mot offentleg tenestemann og for å ikkje følgje ordre frå politiet, seier Holme.

Tidleg kveld

Så kan vi skru tida 12 timar tilbake for å ta heile loggen frå starten av. Det starta klokka 20 laurdag då ein mann fekk beskjed om å ta tidleg kveld. Vedkommande vart vanskeleg å ha med å gjere for ein utestad i Førde, og politiet viste han vekk frå sentrum.

Like over midnatt vart ein mann i slutten av tenåra ferska medan han drakk alkohol på offentleg stad i Sogndal. Mannen blir meld, og sa seg villig til å godta bota for dette.

Sovna i vegen

Tilbake i Førde nærma klokka seg 02 då to menn i 20- og 40-åra tok nevane fatt på ein utestad. Ingen vart skadde i episoden og politiet bad mennene om å reise frå sentrum.

Nær ein time seinare fekk politiet melding om ein rusa mann i 30-åra som hadde lagt seg i vegen. Politiet gav han like godt skyss til sin eigen heim, der han kunne ta fatt på søvnen i langt tryggare omgjevnader.

Krasja i fylla

Samstundes fekk politiet i Florø melding om ein bil som hadde køyrt ned eit skilt, gjerde og hekk i Firdavegen. Ingen personar vart skadde, men bilen fekk store skader. Føraren, ein mann i 30-åra, er mistenkt for å ha køyrt bilen i rusa tilstand.

I 0230-tida rykte politiet i Sogndal ut til ein utestad, der to menn i 20-åra hamna i slagsmål. Denne saka vil bli følgd opp av politiet. Saka vart derimot løyst på staden då to menn i 20- og 30-åra kom i konflikt i Olden i 04-5-tida.

Avskilta bilar

Mellom klokka 0330 og 04 viste politiet vekk tre personar frå sentrum etter uro. Tre av mennene var i 20-åra, medan dei to siste var i slutten av tenåra. Dei var involverte i to ulike episodar.

Politiet har i løpet av natta avskilta to bilar i Førde og ein i Florø. I tillegg fekk ein mann i 20-åra munnleg åtvaring for å ha halde stor fart i Førde sentrum.