Hopp til innhold

Fulle folk laga trøbbel for seg sjølv og andre

Politiet har tatt seg av fleire tilfelle av personar som var overstadig rusa natt til søndag.

Politi illustrasjonsfoto

SLÅSTING OG USEMJE: Krangel, slåsting i kombinasjon med rus har sysselsett politiet natt til søndag.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Politiet har i løpet av natt til søndag tatt seg av fleire rusa personar som laga trøbbel for seg sjølv og andre. Det starta med høg musikk frå ei leilegheit i Florø sentrum like over midnatt. Vedkommande fekk pålegg om å dempe musikken.

Par-mekling

Nærmare klokka 01 måtte politiet rykke ut til eit husvære i Førde der ei kvinne og ein mann rett og slett var rykande ueinige.

Ein mann i 20-åra var rusa og politiet sette mannen i arrest. Vedkommande kom også med ukvemsord overfor politiet og dette blir han meldt for.

I Florø måtte politiet rykke ut til slåsting i sentrum klokka 01.57. Ein person slo til ein annan. Politiet mistenkjer ein mann i 20-åra for å stå bak slåstinga.

Vedkommande vart køyrt heim og fekk pålegg av politiet om å halde seg vekke frå sentrum. Politiet ved Flora politistasjon vil følgje opp saka.

Stakk av frå politiet

Klokka 02.43 vart nok ein mann slått i Florø sentrum, og teken hand om av helsepersonell. Politiet skriv i loggen sin at dei kjenner identiteten til mistenkte som stakk frå staden. Politiet ved Flora politistasjon vil følgje opp saka.

Siste melding om rusa person i Florø kom til politiet klokka 03.36. Vedkommande var så rusa at personen vart køyrt heim av politiet.

I Sogndal møtte ein politipatrulje ein firhjuling i halv firetida midt i sentrum med tre personar på. Vedkommande vedgjekk at det var overlast og vil få eit førelegg.