Hopp til innhold

Full utrykking etter melding om brann

Naudetatane rykte i ettermiddag til Naustdal etter melding om røykutvikling i eit bustadhus.

nasustdal

– Det var ein nabo som høyrde brannalarmen og som så varsla oss, sa Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen til NRK, då dei var på veg til huset, som ligg på Sæla i Naustdal.

Kort tid etter brannvesenet og ambulansar kom fram til byggjefeltet Sælesteinen kunne Øvrebotten avblåse situasjonen.

– Situasjonen er avklart. Vi har lufta ut huset. Det var sterk røykutvikling, men ikkje opne flammar, seier han.

Det var ikkje folk i huset, og det er ikkje avklart kor store skader huset har fått.

– Det har nok fått ein del røykskader, men omfanget er ikkje klart, seier Øvrebotten, som opplyser at røykutviklinga starta i ein vedomn.

– Røyken har kome ut i huset i staden for opp gjennom pipa, men årsaka til dette er enno ikkje avklart.

Ifølgje Firda skal politiet sjå nærmare på saka.