Hopp til innhold

Full krangel om oljeboring nær kysten

Oljebransjen og fiskarlaget står steilt mot kvarandre om det skal lagast ei «oljefri» sone langs vestlandskysten.

Nedgangstider:

PENGEMASKIN: Oseberg er eit av felta som sørgar for millardinntektene til norsk økonomi.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Bergens Tidende skriv i dag at oljeindustrien fryktar å gå glipp av store inntekter dersom det blir innført ei slik sone på 25 eller 50 kilometer langs kysten frå Skagerak til Stad.

– Vi veit lite i dag om kvar det kan bli aktuelt å leite etter olje om nokon år. Difor må vi unngå å setje oss i ein situasjon som gjer at samfunnet kan gå glipp av store inntekter, seier Tom Gederø i Norsk Olje og Gass til Bergens Tidende.

Det vert no arbeida med ein heilskapleg forvaltningsplan for kystsona som regjeringa skal leggje fram for Stortinget i 2013.

Leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen, meiner at det må innførast ei oljefri sone langs kysten vår.

– No er 99 prosent av norsk sone opna for oljeindustrien. Då synes eg ærleg tala at den lokale, kystnære fiskeflåten skal få halde på i fred utan å bli plaga med oljeverksemd og seismikkskyting, seier Nilsen til BT.