Hopp til innhold

Full krangel mellom LO-topp og redaktør

Distriktssekretær i LO, Nils P. Støyva, samanliknar avisa Fjordingen med den utskjelte avisa Pravda. Redaktør Bengt Flaten meiner Støyva er uprofesjonell og at han slengjer skit.

Redaktør for Fjordingen

MØTER MOTBØR: Redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, meiner Nils P. Støyva er uprofesjonell og at han slengjer skit.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var den 18. september i år, utan noko grunngjeving, at Nils P. Støyva på Facebook karakteriserte Fjordingen som det «håplause Flatenorganet». Vidare skulda han avisa i Stryn for ikkje å gjere ein god jobb for lokalsamfunnet.

Han samanlikna Fjordingen med Pravda, den utskjelte og sterkt sensurerte avisa som tidlegare kom ut i Sovjetunionen.

Nils P. Støyva framstår som veldig uprofesjonell.

Bengt Flaten
Harde karakteristikkar
Foto: Skjermdump / Facebook

– Skitslenging

Flaten fekk nærast kaffien i halsen då han såg meldingane på Facebook.

– Skitslenging og udokumenterte påstandar på denne måten bør ikkje Støyva drive med. Det heile er veldig uprofesjonelt og ein veldig merkeleg måte å gå fram på, seier Bengt Flaten, mangeårige redaktør i Fjordingen.

Har du vore ekstra kritisk overfor Støyva?

– Ikkje spesielt kritisk til han. Men som til andre personar som har maktposisjonar i samfunnet har eg sjølvsagt også vore kritisk til Støyva.

Tek ingen sjølvkritikk

Bengt Flaten må tole å bli kritisert når han kjem med så sterk kritikk sjølv.

Nils P. Støyva

Støyva er tidlegare ordførar i Stryn, har vore leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, styremedlem i Helse Vest og er no distriktssekretær i LO. Han presiserer at han skreiv facebookmeldingane som privatperson og tek ingen sjølvkritikk.

– Eg har ikkje noko imot Flaten reint personleg og hadde eit godt samarbeid med han i mange år. Men siste tida har han kome med fleire merkeleg utspel. Han har mellom anna hevda at synspunkta mine i E39-saka "ikkje heng på greip" og brukt andre harde karakteristikkar mot meg. Sett i det lyset må Flaten tole at eg karakteriserer han, seier Støyva.

Nils P. Støyva

KRITISK: Nils P. Støyva meiner Bengt Flaten må tole kritikk sidan han sjølv har kome med krass kritikk mot Støyva.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Meiner redaktøren må tole meir

Støyva viser vidare til at Flaten har vore ein ivrig talsmann for at Stryn og Hornindal skal vende seg nordover og bli ein del av region midt, noko Støyva ikkje har vore samd i.

– Også Flaten måte tole å bli motsagt, seier Støyva.

Men er det ikkje useriøst å skulde Fjordingen for å vere ei "Flatenavis" som liknar på den gamle sovjetiske avisa "Pravda"?

– Denne type slengkommentarar på Facebook må Flaten tole.

Så du angrar ikkje på det du skreiv?

– Nei. Når Flaten sjølv har sterke meiningar og brukar sterke karakteristikkar, må han tole dette, seier Støyva.

Oppgitt over Støyva

Flaten er samd i at han må tole mykje som avisredaktør.

– At Støyva er usamd i ein del av det eg har skrive på leiarplass i Fjordingen, er heilt greitt og ein del av meiningsmangfaldet. Men i staden for å slengje ut udokumenterte påstandar og skit på Facebook, burde han heller ytra seg i Fjordingen sine spaltar. Han hadde sjølvsagt fått sleppe til der, seier Flaten.

Tar du deg personleg nær av kritikken frå Støyva?

– Nei, det gjer eg ikkje.