Hopp til innhold

Full krangel etter budsjettframlegg

Det er full krangel mellom ordførar Arne Sanden og rådmann Bent Arild Grytten i Lærdal.

Arne Sanden

Ordførar i Lærdal, Arne Sanden, har bede rådmann Bent Arild Grytten om å slutte.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Konfliktnivået har dei siste vekene vore så høgt at det måndag vart halde ekstraordinært kommunestyremøte for å prøve å løyse striden.

- Vi jobbar det vi kan i kommunestyret for at Lærdal kommune ikkje skal bli svekka på grunn av dette, seier varaordførar Lars Petter Nesse, som leia kommunestyret i går.

Bad om oppsigelse

Det er utforminga av 2010-budsjettet som er bakgrunn for den betente konflikten mellom rådmann Grytten og ordførar Sanden. Grytten meinte ordføraren kom med fleire budsjettendringar, utan at tala vart skikkeleg kvalitetssikra.

Dette førde til ein oppheta krangel mellom kommunetoppane, og gjekk så langt at Sanden like før jul bad rådmann Grytten om å seie opp.

- Gjorde jobben min

Grytten fortel at det er uaktuelt å seie opp jobben. På møtet måndag leverte rådmannen frå seg eit notat med sitt syn på saka. Han gjekk også ut i sjukemelding måndag.

- Eg har berre gjort jobben min, seier han. Også Sanden fekk presentert sin versjon i saka, men har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Nesse seier at konflikten ikkje er nokon god situasjon.

- Uheldig

- Det er alltid uheldig i ein organisasjon når øvste politiske leiar og administrative leiar ikkje er samde.

Også fylkesmann Oddvar Flæte har vore involvert for å løyse konflikten, utan å ha lukkast så langt. Nesse vil ikkje plassere ansvaret hos verken ordføraren eller rådmannen.