Hopp til innhold

– Skuslar bort utviklinga med E39-bru i Stryn

Stortingskandidat Trude Brosvik (KrF) fryktar fylket sine vekstmogelegheiter kan forsvinne om E39 blir lagt om Stryn. Ingrid Heggø (Ap) meiner på si side at det ikkje er noko i vegen for både ein midtre og indre trasé.

Trude Brosvik

SKUSLAR VEKK: Trude Brosvik (KrF) fryktar regjeringa skuslar vekk vekstmogelegheitene til Sogn og Fjordane om dei legg E39-brua til Stryn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nye utrekningar talar til fordel for å flytte traseen vekk frå Lote–Anda. Likevel meiner Trude Brosvik (KrF) at dette er traseen som gagnar fylket best.

Ved å flytte E39 om Stryn, med fjordkryssing ved Svarstad, fryktar ho regjeringa skuslar vekk vekstmogelegheitene for fylket.

– Vi kan i alle fall ikkje skulde på alle andre for at Sogn og Fjordane står i ro, medan det rører seg sør og nord for oss, om vi ikkje klarer å samle oss, bli samde og å få til vekst når vi får ein E39-trasé lagt opp i hendene frå oss. Og det blir peika frå kompetent hald kvar det vil gi mest vekst, seier ho.

Større nytte om Stryn

Dei nye utrekningane som vart kjende i går, viser at ein får størst nettonytte med å leggje E39 i tunnel gjennom Utvikfjellet og vidare gjennom Stryn.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

ALTERNATIV: Det var venta avklaring i NTP om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord. Den avgjerda ventar ein på framleis.

Foto: Statens vegvesen

Alternativet gir 1,85 milliardar kroner i nettonytte, mot 1,75 milliardar med kryssing Anda–Lote og vidare opp Stigedalen med bru mot Volda. Men Brosvik støttar seg til to andre rapportar som peikar på at sistnemnde gir størst vekst for fylket.

– Eg tykkjer det er trist at vi i Sogn og Fjordane ikkje klarer å samle oss kring Lote–Anda, seier KrF-politikaren.

Nøgd Lødemel

Men stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner dei nye utrekningane styrkar hans syn om at vegen må krysse fjorden i Stryn, og deretter kople seg på Kvivsvegen.

Bjørn Lødemel

STADFESTAR: Bjørn Lødemel (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den tidlegare ordføraren i Hornindal viser til at utrekningane tek utgangspunkt i investeringane som er gjort på Kviven som stamveg, og går kortaste veg vidare.

– Eg personleg meiner det er ei god og veldig framtidsretta ordning der ein både tek vare på dei verdiar som er investert og skaper mogelegheiter for vidare vekst. Eg meiner Høgre er på trygg grunn i høve det vi har gjort, seier han.

– Feil bruk av midlar

Lødemel vil samstundes ikkje dra i tvil rapporten tidlegare Høgre-statsråd Victor Normann står bak . Den konkluderer med at midtre alternativ har langt større regional effekt enn det indre.

Professoren seier bru framfor ferjesambandet Anda–Lote vil knyte saman heile Nordfjord–og ikkje berre Gloppen og Stryn som det indre alternativet.

– Vi veit det blir knallhard kamp om investeringsmidlane framover. Det å bruke to milliardar kroner for å byggje parallel til Kvivsvegen gjennom Stigedalen, med ny bru over Austefjorden eller på Folkestad, meiner eg er feil bruk av midlane når vi ser kva vi kan bruke dei på andre viktige vegprosjekt i Sogn og Fjordane, seier Lødemel.

– Underleg

Erling Sande

UNDRAR: Erling Sande (Sp).

Foto: NRK

Erling Sande, som set på Stortinget for Senterpartiet, undrar seg over at Lødemel er oppteken av at staten må få sleppe å bruke så mykje pengar i Sogn og Fjordane.

Han seier Senterpartiet si vinkling er å semjast om det som gir best regional utviklingseffekt i Sogn og Fjordane.

– Det er ikkje i vårt fylke at dei store utgifsskilnadene er. Dei finn vi nord for oss, og det er gjerne difor møringane har kasta seg tungt inn i kampen for at den rimelegaste løysinga her, seier han.

Vil ha begge deler

Ingrid Heggø.

TO E39: Ingrid Heggø (Ap) ynskjer E39 som ein arm gjennom midtre, samt indre line.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Rivingane om traseen har fått ein annan stortingspolitikar, Ingrid Heggø (Ap), til å leggje fram eit kompromiss:

Indre alternativ, men i tillegg dagens E39-trasé til Nordfjordeid som ein arm av europavegen.

– Frå Byrkjelo til Nordfjordeid, så spelar vi inn at det er ein arm av E39, slik at staten skal betale begge dei to, seier ho og meiner det også bør vere fullt mogeleg å jobbe fram begge bruene over fjorden i Nordfjord. Då på bekostning av brua til Volda på Sunnmøre.

Ventar på avklaring

Men ein ting klarer alle å semjast om. Avklaringa om kvar vegen skal komme bør kome raskt.

Det var venta at regjeringa ville kome med avklaring gjennom NTP. No er det sagt at den vil komme i løpet av våren.

– Det er på høg tid. Avklaringa burde vore komen, seier Brosvik.