Hopp til innhold

Fryktar store kraftutbyggingar vert for seine til å komme inn under "grøne sertifikat"-ordninga

Tida er i ferd med å renne ut for to store kraftutbyggingar i Leikanger og Offerdal i Årdal dersom dei skal bli med på ordninga med grøne sertifikat.

Ofredalselvi og Nævdal

TYNN TRÅD: Direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal, fryktar for mellom anna utbygging i Ofredalselvi i Årdal, fordi prosessen går for seint.

Foto: Kjell Arvid Stølen/Bjørn Bergum / NRK

Begge ligg til handsaming på NVE sitt bord, og skal deretter til departementet for endeleg avgjerd.

For å kome med i ordninga med grøne sertifikat må straum vere på nettet innan 2020, og no er tida knapp, seier direktør Terje Bakke Nævdal i Sognekraft.

– Tida er veldig knapp. Både Leikanger og Offerdal vil vere utfordringar å lande på viss vi ikkje snart får dei naudsynte konsesjonane, seier direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal.

NVE er optimistiske

Sognekraft søkte om konsesjon for Leikanger i 2009 og Offerdal i 2011, begge deler god innanfor fristen 2012- som NVE sette for å få sakene konsesjonshandsama slik at dei når fristen for Grøne sertifikat.

– Dei som kom med søknadar til oss i løpet 2012 skal vi klare å behandle. Så vi er optimistiske til at vi skal ta unna den køen, slik vi har sagt vi skal gjere, sa avdelingsdirektør Rune Flatby i NVE til NRK tidlegare denne veka.

Men både Leikanger og Offerdal er så store utbyggingar at dei skal til endeleg avgjerd i departementet og det kan ta ytterlegare tid.

– Signalet er at ein skal prøve å få det handsama i NVE i 2014, og så skal det vidare til olje- og energidepartementet, som også skal handsame det. Vi har erfaring frå før som har synt at det kan ta opp til fleire år før dei kan handsame dette, seier Nævdal.

Deretter treng Sognekraft tre-fire års byggetid.

Kan ikkje forsvare utbygginga utan grønt sertifikat

Terje Bakke Nævdal seier grøne sertifikatordninga med 15–20 øre ekstra pr. kWh er heilt avgjerande for økonomien i desse store anlegga.

– Det vil ikkje vere mogleg å forsvare ei slik utbygging utan at ein kjem inn i ordninga med grøne sertifikat, seier Nævdal.

Han stolar på at NVE og departementet gjer sin del av jobben i tide, men ser at faren for å bli for sein er til stades.

– Det er eit "worst case"-scenario no, seier Nævdal.