NRK Meny

Fryktar rømd oppdrettsfisk

Ein stor stim laks eller aure har samla seg i elva Jølstra i Førde. Laurdag filma Sindre Roska det som kan vere ein stim av rømd oppdrettsfisk. Han seier til Firda at dette er skremmande med tanke på den trusselen oppdrettslaks er for villaksbestanden i elva. Torgeir Ullaland, som har 10 år bak seg som guide i lakseelva Gaular, har vore i kontakt med fleire som har observert fisk langt opp i elva. Han har no kontakta elveeigarlaget slik at dei kan søke om løyve til prøvefiske.

Vegopning på Bergum i Førde kommune