Hopp til innhold

Fryktar klokka ramlar ned

Gaupne gamle kyrkje er i så dårleg forfatning at ein ikkje torer å ringe med kyrkjeklokka, skriv Sogn Avis. Leiar for Luster kyrkjelege fellesråd, Viviam Kvam, håpar på ekstraløyvingar frå politikarane for å unngå stengde kyrkjer. Fleire andre kyrkjer er i veldig dårleg stand. Luster-ordførar Ivar Kvalen beklagar at dei ikkje har råd til å halde kyrkjene i forsvarleg stand.