Hopp til innhold

Fryktar for tryggleiken på ferjene

Fellesforbundet for sjøfolk fryktar konsekvensane av det dei meiner er for låg bemanning på ferjene.

Ferja Vågsøy i Skavøypollen

Sjøfartsdirektoratet meiner det er nok med eit mannskap på tre personar på ei ferje med kapasitet på 46 køyrety og 147 personar.

Foto: Jostein Hals

Forbundet meiner bemanninga går på tryggleiken laus. Ifølgje retningslinjene frå Sjøfartsdirektoratet, vil ein mann åleine ha ansvaret for å få alle passasjerane ombord i ein livbåt på den nye ferja M/F Vågsøy.

- Eg forstår meg ikkje på Sjøfartsdirektoratet som godtek ei bemanning på tre. Det er rett og slett "bort i natta", seier Leif Førde, som har vore sjømann i 40 år.

147 personar - mannskap på tre

I følgje retningslinjene skal tre personar ha ansvaret for overfarten av opp mot 42 personbilar og fire vogntog på strekninga Måløy-Husevåg-Oldeide. Det gjev ein kapasitet på 147 personar. Dette meiner rådgjevar i Norsk sjømannsoffisersforbund, Leiv Ivar Bakke, er uforsvarleg.

- Difor har vi sendt klage på den, seier han.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To navigatørar

Ferja går gjennom Måløysundet der både fiskebåtar, containerbåtar og lystbåtar trafikkerer. Bakke meiner det mellom anna er naudsynt med meir enn ein navigatør ombord.

- Dersom noko skulle skje med han, så er det ingen navigatør ombord. Vi er av den meining at det er ein vesentleg del av tryggleiken å ha ein ekstra navigatør, seier han.

- Umogleg oppgåve

Leiar i Fellesforbundet for Sjøfolk, Leif Vervik, er samd i at bemanninga er for låg. Også med tanke på at det ofte er framanspråklege ombord.

- Dersom noko skulle skje, til dømes ein brann, så må skipperen vere på brua, medan maskinisten må vere i maskinrommet. Då har du ein mann igjen som skal låre livbåtane og snakke nærast alle tungemål... Det er ei umogleg oppgåve, seier han.

For låg bemanning

Vervik seier at situasjonen ombord M/F Vågsøy ikkje er eineståande.

- Bemanninga på ferjene i Norge, slik vi ser det og får tilbakemelding frå mannskapet, er altfor låg. Den burde vore mykje høgare, seier han. Fungerande sjefsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Sigurd Grude, meiner derimot at ei bemanning på tre personar er forsvarleg.

- Kan ha fleire

Grude seier at retningslinjene ikkje vil bli endra, og at det er mogleg å bemanne meir enn kva minstekravet seier.

- Dersom det er slik at rederiet eller kapteinen meiner mannskapet er for lite, så er det ingen som hindrar dei i å auke det. Men vi set ei bemanning som vi meiner er det minste fartyet kan segle med på ein forsvarleg og trygg måte, seier han.

Tryggleik i høgsetet

Administrerande direktør i Fjord 1, Stig Kristoffersen, seier ferja i snitt har 6 køyretøy og 13 personar ombord. Sjølv om Kristoffersen presiserer at dei set tryggleiken i høgsetet, let ikkje Førde seg overbevise.

- Stort sett har det ikkje skjedd noko, men ein veit aldri når noko skjer, seier han.