Hopp til innhold

Fryktar for tryggleiken ombord

Tilsette i Fjord1 Fylkesbaatane fryktar for tryggleiken når det vert innført hyppigare avgangar på ferjestrekninga Mannheller-Fodnes.

Frå ferjekaien på Fodnes

Tillitsvald i Sjømannsforbundet, Leif Morten Nordgulen, grunngjev frykta med blant anna større arbeidspress.

- Med same bemanning og same tal folk vil det medføre at ein ikkje får gjort dei oppgåvene ein skal gjere under overfarten, seier Nordgulen.  

- Nærmast umogleg

Dei tilsette på ferjesambandet ser ikkje korleis det skal vere praktisk mogleg å gjennomføre ein auke i talet avgangar per time med dagens bemannning.

- Det er ikkje mange som kan sjå korleis ein skal greie å få det til. Dei fleste meiner at det vert nesten umogleg, for då får ein ikkje tid til å gjere den jobben ein skal gjere. Då må ein ta bilane ombord og billettere på overeisefarta. Og billettørjobben er berre ein ekstrajobb; vi er jo der for å utføre ein tryggleiksfunksjon ombord på ferja, opplyser Nordgulen.  

Det er Vegdirektoratet som har sendt ut ferjesambandet Fodnes - Mannheller på anbod, med krav om tre avgangar i timen i staden for to, frå første januar 2008.

- Vil få det tøffare

Administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen, seier dei nye planane er praktisk moglege å gjennomføre, men er usikker på kor vidt det er økonomisk forsvarleg, og høveleg for dei tilsette.

- Det er praktisk mogleg å gjennomføre, men vi vil få eit vesentleg større press på både ferjene og dei som opererer dei. Det er klart at vi vil få eit mykje større press på maskineriet og mykje større oljeforbruk. Dei som skal operere ferjene vil få det tøffare.

- Men med dagens rutetilbod og etterspurnad frå kundane, vil det i heile teke løne seg å trappe opp til tre avganger i timen?

- Det er i høgste grad avhengig av trafikken. Vi kjem til å få ein vesentleg høgare kostnad med 20 minutt i staden for 30. Og den kostnaden må dekkast inn gjennom trafikkinntekter. Det er neppe truleg at ein kjem til å få ei inntekt som er høg nok til det. Men dette er det staten som har bestemt i anbodet, seier Kristoffersen.  

- Ferjene har god tid

Seksjonsleiar for Statens Vegvesen region vest sin ferjeseksjon, Eli Ness, meiner trafikkauken ved avløysing av bomprosjekta for ferjesambandet og Fjærlandsvegen vil skape eit behov for større kapasitet på denne ferjestrekninga.

- Difor må vi sjå på korleis vi kan få til ein kapasitetsauke ved bruk av minst mogleg midlar. Og vi meiner at det mest økonomiske er å asatse på omtrent den ferjestorleiken som er i dag, men å auke frekvensen. For ferjene som går der har ganske god tid i dag, seier ho.

- Mest fornuftig

- Når vi legg opp til eit ferjetilbod så har vi ein standard som er gitt i Nasjonal Transportplan, og den seier at det skal vere maksimalt to prosent attståande køyrety i løpet av eitt år i forhold til transportert trafikkmengde. Og det taket nærmar vi oss no på Mannheller-Fodnes. Det seier oss at når vi no lyser ut på nytt, så må vi auke kapasiteten. Og ut frå økonomi og trafikktryggleik har vi funne ut at å auke frekvensen er det totalt sett mest fornuftige. Det er ikkje sikkert ferjene treng å gå så mykje fortare enn i dag, for i dag har dei ganske god tid på det sambandet, sidan vi har to ferjer der, seier seksjonsleiar i Statens Vegvesen, Eli Ness.