No trugar oljen drikkevatnet til naboane, seier hytteeigar Pål Moe.
- Om oljen når fram til borehulla, er vassforsyninga for to hus og to hytter sannsynlegvis øydelagd for fleire år framover, seier Moe.
Hydraulikkolje
Det er i samband med skogshogst at hydraulikkolje frå ulike typar maskiner og køyrety har leke ut og trugar drikkevatnet i Hovsviki i Vik. I dette området ligg to hus og to fritidseigedomar. Og det er hytteeigar Pål Moe frå Nesodden som har gjort kommunen merksam på at oljen ligg og grisar til området. Men sjølv om han slo alarm allereie tidleg i juni, har kommunen enno ikkje gjort noko. Det synst Moe lite om.
- Det er heilt utruleg. Hadde dette skjedd på Nesodden, så hadde kommunen reagert med ein gong, seier han.
Beklagar
Ordførar i Vik, Erik Lidal, likar ikkje det han høyrer. Han har visst om oljesølet lenge, men har ingen god forklaring på kvifor ikkje folk i kommuneadministrasjonen har reagert. Han beklagar og vil no personleg ta fatt i problemet.