Hopp til innhold

Fryktar det blir færre jobbar i oppdrettsnæringa

Det kan bli færre jobbar i oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane i framtida, det trur Øyvind Kråkås som sjølv jobbar i bransjen. Han fryktar at ei sentralisering vil råke lokale arbeidsplassar hardt.

Illustrasjon oppdrettsanlegg

FÆRRE JOBBAR: Ein sentralisering av oppdrettsnæringa kan føre til at det blir færre arbeidsplassar lokalt, meiner Øyvind Kråkås.

Foto: Villa

– Vi fryktar ei veldig sentralisering i næringa, seier Kråkås i oppdrettsselskapet Salmon Group.

Han meiner nettopp sentralisering av arbeidsplassar vil bli resultatet dersom dei store oppdrettsselskapa blir dominerande i marknaden.

– Då vil vi oppleve at slakteritenester, administrative tenester og leverandørindustrien blir sentralisert vekk frå mange av kommunane, seier han til NRK.no.

Vil halde på lokalt eigarskap

Salmon Group er eit nettverk av små familieeigde oppdrettsselskap. Selskapet er skeptisk til ei utvikling der det går mot færre og større aktørar i oppdrettsbransjen.

Under ein konferanse i Askvoll for kort tid sidan, uttrykte Kråkås uro. Han fryktar utviklinga kan føre til færre arbeidsplassar lokalt – også i Sogn og Fjordane.

– Eg meiner det å halde på lokalt eigarskap i både fiskeri og havbruksnæringa er heilt avgjerande.

– Dette fordi lokalt eigarskap gir lokal makt til å ta avgjerder, det gir arbeidsplassar i næringa og det medfører lokal tenesteyting til næringa, seier Kråkås.

– 95 prosent i mindre sentrale område

Marine Harvest er ein av dei største aktørane i oppdrettsbransjen i dag. Selskapet eig og driv 17 oppdrettsanlegg i Sogn og Fjordane.

Selskapet sin direktør for region vest, Per-Roar Gjerde, tilbakeviser kritikken frå Kråkås. Han viser til at ein stor majoritet av deira tilsette er ute i distrikta.

– Vi har om lag 370 tilsette, og 95 prosent av desse bur i mindre sentrale område. Vi er ein lokal arbeidsgjevar, og vi er til stades på kysten i heile Norge, seier han.

– Oppegåande leverandørindustri er det viktigaste

Gjerde peikar vidare på at det arbeider få folk på sjølve oppdrettsanlegga.

Han meiner at ein heller bør fokusere på alle arbeidsplassane som kjem som ringverknader av fiskefarmane.

Det som er viktig, spesielt for Sogn og Fjordane, er at vi får ein leverandørindustri som er oppegåande. Det kan skape mange arbeidsplassar i tillegg til dei direkte arbeidsplassane i mange kommunar, seier han.