Komiteen viser til at det ikkje blir ein beredskap for naudkeisarsnitt ved Lærdal sjukehus etter nyttår. Dermed må halvparten av fødande kvinner i Indre Sogn reise opptil to timar til Voss eller Førde.
Sikre kvaliteten
Det er i eit brev til Helse Førde at perinatalkomiteen i Sogn og Fjordane gjer greie for kva fatale følgjer ei nedlegging av fødeavdelinga i Lærdal kan kome til å få.
Perinatalkomiteen består av dei fremste fødselsfagfolka i Sogn og Fjordane og har ansvar for å sikre kvaliteten på fødetilbodet i fylket. Denne fylkeskomiteen er nyleg inkorporert til ein regional komite for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Helse Vest, som har det overordna ansvaret for sjukehusa i Sogn og Fjordane, proklamerte for to veker sidan at fødetilbodet i Lærdal er sikra, også etter nyttår.
Kirurgar nektar framleis
Seks jordmødre og leiarar har no sagt seg villige til å etablere og bygge opp den forsterka fødestova ved Lærdal sjukehus. Men kirurgane ved sjukehuset nektar framleis å gå inn i beredskap for naudkeisarsnitt, fordi dei meiner tilbodet ved ei fødestove vert fagleg utforsvarleg. Sjukehuseigarane kan ikkje påleggja kirurgane å gjera dette.
Spørsmål om tid
Sidan ein ikkje kan gjera keisarsnitt i Lærdal, må halvparten av fødande kvinner i Indre Sogn reise til Voss eller Førde. I brevet til Helse Førde åtvarar perinatalkomiteen i Sogn og Fjordane mot følgjene dette kan få for mor og barn.
Blir det akutte komplikasjonar som kan kreve keisarsnitt, er to timars reise langt, og i beste fall ei ubehageleg oppleving, skriv komiteen, og legg til: Det er berre eit spørsmål om tid før dette resulterer i eit skada eller dødt barn.