Hopp til innhold

Fryktar cruisbåtane forsvinn

Komande internasjonale krav til utslepp av CO2 frå cruisebåtar kan stanse båttrafikken i fylket.

Queen Mary II i Olden.

CRUISEHAMN: «Queen Mary II» fotografert i Olden tidlegare i år.

Foto: Arne Vik

– Det vil skje dersom ikkje ein finn løysingar som kan gi båtane landstraum, trur sjefen for cruisekaia i Olden, Aslak Lefdal.

Han meiner at dersom dei som driv cruisekaiene her i fylket ikkje følger med i timen, kan nye miljøkrav setter ein stoppar for cruisetrafikken.

I dag held cruisebåtane motorane i gang for å produsere eigen straum når dei ligg til kai. Resultatet er store eksosutlepp.

– Det enorme utsleppet med straumproduksjon i skip er så kritikkverdig, at viss ikkje ein finn løysingar innan rimeleg kort tid, er signala at FN innan to år kan komme med bombastiske krav. I så fall vill ein ikkje få gå til hamner som ikkje har straum, seier Lefdal.

I Loen sitt tilfelle har Stryn Energi gjort det klart at dei har nok oveskotsstraum og kan levere til cruisbåtane som gjestar Nordfjord-bygda i sommarhalvåret.

– Men vi må komme i gang med planane. Det hastar å få dette på plass, seier Lefdal.