Hopp til innhold

Frykta store løyvingsendringar

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, var budd på at ei ekspertgruppe ville kome med radikale endringar i forslag til finansiering av høgskulane. Etter at rapporten er klar konstaterer Løkeland at det først og fremst er snakk om justeringar, der både pisk og gulrøter ville bli tekne fram for å tvinge fram samanslåingar i sektoren. – Vi vil få noko dårlegare uttelljing for studiepoengproduksjon, seier rektoren.

Åse Løkeland
Foto: Torje Bjellaas / NRK