Hopp til innhold

Frykta eksplosjon ved smelteverk

Natt til søndag byrja det å brenne i ei vifterom ved Elkem Bremanger i Svelgen.

Elkem Bremanger, Svelgen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Brannvesen og politi rykka ut etter at meldinga kom klokka 01.00. Alt tilgjengeleg mannskap i Svelgen var kalla ut.

Det var ei stund fare for at brannen ville spreie seg og mannskapet på staden frykta eksplosjon.

Fekk kontroll

Omlag ein time seinare byrja brannmannskapa å få kontroll over situasjonen. Klokka 02.42 var brannen sløkt og situasjonen var under kontroll.

Det har vore brannvakt på staden i natt og i dag.

Ingen evakuerte

Verkssjef Robin Ephithite seier at skadeomfanget er lite, men at to avsugsvifter og nokre plastrøyr er øydelagde.

Brannen vart oppdaga då det kom ein alarm på manglande avsug. Ingen av dei som var på jobb vart evakuerte.

Gransking i kveld

Søndag kveld skal verksemda ha ei intern gransking for å få oversikt. Førebels er årsaka til brannen ukjend. Saka vil bli etterforska av politiet etter pinsehelga.

Smelteverket er hjørnesteinen i kommunesenteret og hovudprodukta er elektrisk kraft, ferrosilisium og silisium-metall.