NRK Meny
Normal

Rasar mot «forsøpling» av Lærdalsdalen

– Lærdal kommune burde skamme seg over alt søppelet som ligg oppover Lærdalsdalen. Det seier ein frustrert fritidsfiskar som har sett seg lei utrangerte lastebilar, haugar med gamal asfalt, og no til slutt ein utbrend buss.

Dette meiner Jens Olav Flekke er forsøpling som Lærdal kommune må ta tak i

BURDE SKAMME SEG: Jens Olav Flekke meiner Lærdal kommune burde skamme seg som ikkje får fjerna denne typen køyretøy langs Lærdalselvi.

Foto: Jens Olav Flekke

– Eg var der no på slutten av sommaren og vassa rundt i dette søppelet. Då tenkte eg at no er det på tide å ta initiativ, seier Jens Olav Flekke.

– Kommunen burde skamme seg og rydde opp, seier han irritert.

– Mange irriterer seg over dette

Jens Olav Flekke

OPPGITT: Jens Olav Flekke er svært glad i Lærdal, men har sett seg lei av det han meiner er forsøpling av områda langs den populære fiskeelva.

Foto: Privat

61-åringen frå Bekkestua har i 25 år vore fast gjest i Lærdal. Over fleire år har han med avsky lagt merke til avfall, utrangerte køyretøy, haugar med gamal asfalt og armert betong som ligg slengt rundt.

– Dette er i og for seg ikkje noko nytt, og dette er noko eg har sett over heile Vestlandet. Bønder og andre har ein tendens til å sette ut ting dei ikkje har bruk for lenger, og så lagar dei ein jordvoll for å skjule det frå vegen og folk flest, seier Flekke.

Då han denne sommaren også kom over ein utbrent buss bak ein jordvoll var begeret fullt.

– Eg kjenner mange som bur i Lærdal som også irriterer seg over dette problemet. Eg har vore her i 25 år, og det er mange som ikkje forstår at det ikkje blir gjort noko med, seier han.

Lærdal er ei lita kommune, der alle kjenner alle og det er vanskeleg å ta opp ting, seier Flekke.

Dette meiner Jens Olav Flekke er forsøpling som Lærdal kommune må ta tak i

GAMAL ASFALT: – Kvifor tillet de at dalbotnen vert fylt opp med søppel? spør Jens Flekke politikarane i Lærdal i sitt innlegg på Facebook.

Foto: Jens Olav Flekke

– Dei må handheve reglane

I går publiserte han eit innlegg på Lærdal kommune si Facebook-side, der han først takkar Lærdal for ein supar sommar. Deretter kjem skyljebøtta der han stiller ordførar, politikarar og administrasjon til veggs. Han skriv mellom anna:

Flekke seier han forventar at kommunen tek grep. Svært mange kjem til Lærdal for å fiske i den populære lakseelva Lærdalselvi.

– Tilkomsten til elva er litt viktig for opplevinga. Eg ventar at kommunen handhevar det dei er sett til å handheve, seier Flekke.

Kjent problemstilling landet over

Problemet med gamalt gardsutstyr, køyretøy og andre ting lagra i naturen er eit problem i heile landet. Det stadfestar miljøvernsjef i Hordaland, Kjell Kvingedal. Han seier kommunar som blir gjort merksame på det ein meiner er forsøpling er plikta til å undersøke saka og sørge for at avfallet blir handtert i samsvar med regelverket.

– Dei må vurdere dei konkrete plassane, og om det er snakk om forureining eller fare for forureining, seier Kvingedal.

Han seier berre fare for forureining er nok til at kommunen kan pålegge fjerning av til dømes gamle køyretøy innan ein gitt frist. Om ikkje dette blir gjort kan kommunen bruke tvangsverkemiddel for å få det gjort, eller i siste instans fjerne det for eigars rekning.

– Ofte kan det vere nok at ein påpeikar at dette ikkje er OK. Kanskje er det noko grunneigar har tenkt på å fjerne lenge, seier Kvingedal.

Ordførar lovar å ta tak

Jan Geir Solheim, ordfører Lærdal

VIL TA TAK: Jan Geir Solheim som er ordførar i Lærdal lovar at han vil ta tak i saka.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim frå Senterpartiet, var ikkje kjent med Facebook-innlegget då NRK ringer han onsdag føremiddag. Han avviser at kommunen tillèt forsøpling.

– Det har vore 17 år utan laksefiske i Lærdal, og då har elvebreidda blitt litt gløymd, både med at ein har parkert ting der og at det har grodd att med tre, seier ordføraren.

Han nektar også for at dette er noko dei har unngått å ta tak i, fordi det kan gjere dei upopulære.

– Slett ikkje. Vi har teke tak i det og gjekk i fjor ut med ei oppmoding gjennom det kommunale bladet vårt. Etter det veit eg at det var mange som tok tak, seier Solheim.

Ordføraren lovar å ta innspela frå Flekke på alvor og at kommunen skal gjere det dei er plikta til.

– Vi er veldig glade og stolte over dalen og elva vår, og den skal ta seg godt ut for alle som besøker oss, seier han.

Bussbrann framleis under etterforsking

Bussen Jens Olav Flekke har teke bilete av er den svenske turistbussen som byrja brenne i Gudvangatunnelen 11. august i år. Både Havarikommisjonen, teknikarar frå politiet, Kripos og ulukkeskommisjonen til Statens vegvesen har vore involvert i undersøkingane av bussen. Anders Frydenlund i Viking seier det framleis er uklart kva som skal skje med bussen.

– Den skal frigjerast frå alle hald, før den kan køyrast vekk. Saka er framleis under etterforsking, seier han.

Han seier det berre er stålramma som er att etter brannen, og at det ikkje er snakk om oljelekkasjar eller anna forureining.

NRK har utan hell forsøkt å kome i kontakt med grunneigaren som eig grunnen der Jens Olav Flekke har teke bilete av dei gamle lastebilane og asfalthaugane.

– Det har med imaget til kommunen å gjere

Flekke sjølv meiner både Lærdal og mange andre kommunar må ta dette problemet meir på alvor.

Kan dette skremme vekk framtidige fiskarar eller andre turistar?

– Det trur eg ikkje nødvendigvis. Lærdalselvi har blitt veldig attraktiv, og folk slåst om å få fiske der.

– Men det har litt med imaget til kommunen å gjere, om dei ønskjer å vere ein kommune som ser uryddig ut, seier han.

Utbrend bussvrak etter brannen i Gudvangatunnelen

BUSSVRAK: Det er framleis uvisst kva som skal skje med vraket etter bussen som brann opp i Gudvangatunnelen i august.

Foto: Jens Olav Flekke
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.