Frp-politikar meldar kvinne

Frp-politikaren i Sogn og Fjordane som er skulda for sex-trakassering, har bestemt seg for å melde kvinna til politiet.

Det melder Fjordabladet. Kvinna som tidlegare var Frp-medlem, skuldar eit profilert medlem i fylkespartiet for seksuell trakasering for fem år sidan.

Det skal mellom anna ha kome påstandar om at det blei tilbydd politiske posisjonar og verv mot seksuelle gjenytingar som betaling. Det er også påstand om grove enkeltepisodar der kjønnsorgan er omtalt.

LES OGSÅ: Partireglar kan ha blitt brotne

I følgje fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, opplever vedkomande kvinna sine påstandar som så injurierande at han har bestemt seg for å gå til politiet med saka.

– Han kjem til å politimelde saka og har allereie teke kontakt med jurist, seier Djuvik til avisa.

Saka blei først varsla allereie for fire år sidan, og kvinna kontakta då fylkeslaget i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, samt ordføraren i kommunen der kvinna var busett.

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik satt i går i samtale saman med kvinna.