Hopp til innhold

FrP nektar å ta EU-standpunkt

- Dei syner veljarane sine forrakt, meiner EU-motstandar.

Anne June Iversen
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Håkon Steinar Giil i Sogn og Fjordane Nei til EU meiner Framstegspartiet ikkje tek veljarane sine på alvor.

Krev svar frå partiet

Håkon Giil

Håkon Steinar Giil

Foto: NRK

- Dette handlar om å ta demokratiet på alvor, tordnar Giil.

Leiaren for Sogn og Fjordane Nei til EU er ikkje nådig i sin kritikk av stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane Framstegsparti, som har nekta å svare på spørsmåla knytta til den Europeiske Union, som Norge ikke er ein del av.

- Det er heilt ven

- Betyr ingenting

I det kommande stortinget ligg det inne eit forslag om å endre grunnlovens paragraf 93, for å gjere det enklare å melde Norge inn i EU.

- Difor er det svært viktig at veljarane får vite kva politikarane meiner, seier Giil.

Men det er ikkje andrekandidat for Sogn og Fjordane Framstegsparti, Anne June Iversen samd i. Landsmøtet til Frp har ikkje gjort noko vedtak i EU-saka, og vil ha alle fakta på bordet før dei tek standpunkt.

Iversen meiner hennar personlige syn på EU-medlemskap dermed irrelevant for velgarane.

- Eg held meg til det landsmøtet i Framstegspartiet meiner, og kva eg meiner personleg har ingenting med saka å gjere, seier Iversen.

Heggø får gjennomgå

Ingrid Heggø
Foto: NRK

Men Håkon Steinar Giil i Nei til Eu er ikkje nøgd med denne holdninga.

- Dette handlar om å ta demokratiet på alvor, gjentek han.

Det er ikkje berre FrP som får kritikk for å ikkje vere opne i sitt EU-syn.

Åge Starheim
Foto: Framstegspartiet

At førstekandidaten for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø ikkje vil svare på om Norge bør bli medlem av EU fordi ho støttar ei raudgrøn regjering som ikkje vil søke medlemskap så lenge dei styrar saman, er ikkje godt nok meiner Giil.