Hopp til innhold

Frp kuttar milliardar i jorbruket

- Kva var det eg sa? seier fylkesleiar i bondelaget om partiet sitt forslag om å kutte seks milliardar i landbruket.

Per Hilleren

- Kva var det eg sa? spør bondelagsleiar Per Hilleren om Framstegspartiet sitt kuttforslag til landbruket. Arkivfoto.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Per Hilleren åtvara i haust mot nettopp Framstegspartiet sine jorbrukslovander.

- Det viser jo berre at den analysen vi hadde om dette er korrekt i forhold til det vi sa før valet, seier Hilleren.

Store kutt

Kutta kjem fram i partiet sitt alternative statsbudsjett, og er stikk i strid med det partiet sin representant i fylket Åge Starheim lova i valkampen.

For sjølv om Starheim lova i valkampen at partiet ikkje ville kome med drastiske kutt i overføringane til jordbruket, er fasiten i dag ein heilt annan.

Partiet vil kutte 7,5 av dei 13 milliardane som i dag ligg inne i jordbruksavtalen, 1,5 milliardar skal kome inn att som omstillingsmidlar til bøndene.

Den gong då...

Åge Starheim

Åge Starheim

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- På sist landsmøte vart det samrøystes vedteke at vi ikkje skal redusere overføringane til landbruket og det vil vi halde oss når vi ser på statsbudsjettet i 2010, sa Starheim før valet.

Per Hilleren meiner at det som kjem fram i Framstegspartiet sitt alternative statsbudsjett gir bøndene rett i åtvaringane dei kom med i haust.

Fekk rett

Fylkesleiar i Senterpartiet Knut M. Olsen var ein av dei som reagerte under valkampen, i dag seier han at Frp-politikk betyr nedlegging av jordbruket i fylket.

Knut M. Olsen

Knut M. Olsen

Foto: NRK

- Dette viser jo berre det vi har sagt heile tida. Framstegspartiet vil ikkje ha landbruk, seier Olsen.

Vedgår løftebrot

Åge Starheim vedgår at han ikkje har greidd å halde løftet frå valet og rettar skytset mot eige parti.

Han seier at han er i mot Frp sitt jordbruksbudsjett og meiner hans eige parti nesten er useriøst.

- Fordi eg meiner Framstegspartiet er eit seriøst parti. Det er inngått ein avtale som partiet må halde seg til, seier Starheim i dag.