Hopp til innhold

Frosten var det fruktbøndene frykta mest - no kan tonnevis med moreller gå tapt

Då frukttrea fleire stader i Sogn og Fjordane spratt ut i blomst rundt påske, var det ein ting fruktbøndene frykta – frost. Denne veka kom minusgradene.

Brunsvidde blomster på morelletre på Tønjum i Lærdal vitnar om at frosten har gjort stor skade

BRUNT, IKKJE KVITT: Desse morelltrea skulle ha vore fulle i kvite blomster. Men etter kalde netter har blomstrane blitt brunsvidde, noko som er dårleg nytt for fruktbøndene.

Foto: Mark Brooks

– Det ser ikkje bra ut, seier Mark Brooks som er morellansvarleg i Lærdal Grønt, ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal.

Fredag ettermiddag står han i ein av dei store morellhagane på Tønjum i Lærdalsdalen. Rundt han skulle det ha vore kvitt av blomster, i staden ser han ut over store parti der alt er brunt.

– Nokre stader er alt brunt, medan det andre stader er brunsvidd oppå, og så er det kvite blomar under, seier Brooks og legg ikkje skjul på at frosten har gjort store skader.

Gledde seg over rekordtidleg bløming

For ei lita veke sidan var situasjonen ein heilt annan. Då gledde fruktbønder og ekspertar seg over den rekordtidlege fruktbløminga.

Etter ein mild vinter og ei varm påske har folk kunne sjå bløming i både frukt- og bærhagar, og på engene.

Njøs Næringsutvikling i Sogn har ført statistikk heilt tilbake til 1927, og berre to gonger på 1990-talet kan bløminga ha vore like tidleg.

Dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes sa sist veke at det kom til å bli eit veldig bra fruktår, med mindre frosten kom tilbake. Nettopp minusgrader var det fruktbøndene frykta mest.

– Regnet er ikkje så gale, og kan vere nødvendig om ikkje så lenge. Men får vi netter med ned mo 0 grader og kaldare kan dette gå gale, sa Hjeltnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fruktbløming Lærdal

MORELLAR: Også i Sogn stod frukttrea i full blomst i midten av april. Her frå Ljøsne i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Målte 3,5 minus natt til 1. mai

Og så skjedde nettopp det. Vêrgudane har dei siste dagane servert Sogn og Fjordane eit langt kaldare vêr, og frosten natt til 1. mai var svært dårleg nytt for fruktbøndene.

– Frosten har gjort skade, det er heilt sikkert, og det er morellane det er mest kritisk for no. Men omfanget er det vanskeleg å seie noko sikkert om enno, seier Harald Blaaflat Mundal som er dagleg leiar i Lærdal Grønt.

Han er ein av dei mange som gremmer seg over vêrgudane si kalde hand.

På Ljøsne i Lærdal vart det registrert heile 3.5 minusgrader natt til 1. mai. Det er alt for kaldt for morelltre som står i blomst.

– Men temperaturen varierer veldig i Lærdalsdalen, så enkelte felt kan vere lite råka og andre meir, seier Blaaflat Mundal.

Han seier enkelte valde frostvatne, medan andre fekk dekt til trea i sine hagar. Ved å frostvatne kapslar ein blomstrane inne i is, og såleis skal ein kunne berge dei frå frosten, forklarar Blaaflat Mundal.

– Vi har ikkje noko totalbilete enno, men det er nok gjort ein del skade, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Brunsvidde blomster på morelletre på Tønjum i Lærdal vitnar om at frosten har gjort stor skade

STORE SKADER: I enkelte hagar er mest alt no heilt brunsvidd, fortel Mark Brooks som sjølv har store mengder morelltre i Lærdal.

Foto: Mark Brooks

Fryktar tonnevis med morellar kan gå tapt

Ein som kan konstatere at det er gjort store skader er Mark Brooks. I tillegg til å vere morellansvarleg i Lærdal Grønt, har han også sjølv store område med morellar.

– Eg har sjølv nesten 30 dekar med morellar, og slik eg ser det no kan det i verste fall vere snakk om 25–30 tonn morellar som går tapt. Då snakkar vi store verdiar, seier Brooks til NRK.no.

Også han understrekar at det er for tidleg å seie noko endeleg om skadeomfanget, men fryktar at det kan ha gått skikkeleg ille.

Små marginar

Brooks fortel at forskarane har kome fram til at marginane er svært små når det kjem til minusgrader og frukttre som står i blomst.

– Ved 2,3 minusgrader får du ti prosent skade, ved 3,5 minusgrader 50 prosent skade, og på 3,9 minusgrader er du oppe i 90 prosent skade, fortel han.

Og med målingar av 3,5 minusgrader på Ljøsne, like aust for Tønjum, fryktar Brooks at mykje av hans avling i år kan ha gått tapt.

– Dette er veldig trist for alle som er råka, men det er ingen som rår over vêrgudane.

– Det skal også seiast at det er store lokale variasjonar i temperaturane, nokre hagar har det litt varmare, og andre kaldare.

– Kan sjå verre ut enn det er

Dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes ved Njøs Næringsutvikling bur sjølv på Leikanger. Der har det ikkje vore frost, og så vidt han veit har fruktbøndene langs Sognefjorden sleppt frå problema med minusgrader og nattefrost.

– Eg trur nok Lærdal har fått det verst, dei har ikkje noko varme frå fjorden, seier Hjeltnes.

Han har førebels ikkje fått rapportar frå andre stader i regionen der frosten har gjort skade.

Sjølv om han krympar seg når han får høyre at det er målt ned i 3,5 minusgrader i Lærdal, håpar han på det beste for fruktbøndene i kommunen.

– Det er ikkje bra med så kaldt vêr, men ofte kan det sjå verre ut enn det er. Det er klart folk blir engstelege, men det er vanskeleg å seie noko om effektane heilt enno, understrekar han.

Må berre vente og sjå

Og nettopp vente å sjå er det Mark Brooks og dei andre fruktbøndene i Lærdal må gjere no.

– Det er ingenting anna å gjere no enn å vente. Men det er ikkje noko kjekt dette, seier han.

Brunsvidde blomster på morelletre på Tønjum i Lærdal vitnar om at frosten har gjort stor skade

BRUNT: Brunsvidde blomster på morelltre på Tønjum i Lærdal vitnar om at frosten har gjort stor skade.

Foto: Mark Brooks