Hopp til innhold

Frost gav avlingssvikt

Frostskade har også gjeve avlingssvikt i bringebær. Etter ein vinter med lite snø i låglandet gjekk tela djupt i dei indre delane av fylket. Vekslande vêr med både pluss- og minusgrader gav ein del vinterskade på bringebær. Dei som vart verst råka måtte skjere ned heile felt. Totalt sett er bringebæravlinga vesentleg lågare i fylket enn i fjor.