Hopp til innhold

Fritt fiske i Lovatnet

Gløym fiskekortet – eit av dei beste fiskevatna i fylket let kven som helst fiske gratis.

Lovatnet
Foto: Turid Sande Beinnes

- Vi har gjester her no som er komne heilt frå Ukraina for å vere her og i Kalvåg, så vatnet er populært nok, seier turistvert og grunneigar ved Lovatnet, Magne Beinnes.

Likevel, frå denne sesongen er det heilt gratis å fiske i Lovatnet i Stryn. Grunneigarane i det som går for å vere eit svært godt vatn har kasta vrak på ordninga med fiskekort. Ei ordning som har vore i bruk her sidan 60-talet.

- Det vart bale til slutt, seier turistvert Beinnes.

Magne hadde hevd

- Vi hadde ei ordning der alle som var fødde på gardane rundt vatnet fekk fiske gratis, men gjennom ein mannsalder vart det veldig, veldig mange som hadde tilknyting til gardane. På slutten sat vi att med ei ordning der mange påberopa seg retten til å fiske gratis, samtidig som det var veldig vanskeleg å kontrollere.

- Ja, då måtte de vel til med slektsgransking?

- Det vart for tungvint, seier Beinnes.

Reiselivsnæringa spleisa

Løysinga vart at overnattingsbedriftene i området rundt og gjekk saman og spleisa på 20.000 kroner årleg til grunneigarane. Dette får dei som erstatning for dei vel 17.000 kronene dei har tent på fiskekort dei siste åra.

Noko av årsaka til frisleppet ligg også i at vatnet er litt overbefolka av fisk, slik at det grunneigarane ynskjer å få ned det totale fisketalet og auke snittvekta på fiskane.

- Men det er masse stor fisk å få her. I påsken var det ein som fekk i land ein god og feit aure på 3,4 kilo, seier Beinnes.

Mykje på stang

Skal ein av garde og fiske med det første er garn det beste alternativet i Lovatnet på forsommaren. Seinare tilrår Beinnes oter før garnfiske tek seg opp att når haustmørkret kjem.

- Men det går også fint å fiske frå land. Folk får mykje fisk på stang, seier han.