Hopp til innhold

Tingretten var delt, men fleirtalet frikjende kvinna som køyrde på gut

Kvinna som sist haust køyrde på ein gut på E39 ved Movika i Førde er frifunnen av Fjordane tingrett.

Ulykke ved Movika
Foto: Eva Marie Felde / NRK

Det var den 31. oktober 2013. Klokka var 14.31, og skulebussen hadde akkurat stoppa i Movika. Ein gut som gjekk av bussen sprang over vegen framfor bussen og vart påkøyrd av ein personbil.

Sjåføren av personbilen, ei kvinne i 60-åra, vart tiltalt for ikkje å ha køyrt aktpågivande nok. Saka kom opp i Fjordane tingrett 25. mars, og eit fleirtal i retten frifann kvinna etter tiltalen.

Delt tingrett

Det var dei to meddommarane som meinte at kvinna ikkje kunne dømmast etter tiltalen, medan fagdommaren meinte ho køyrde aktlaust, og burde dømmast.

Meddommarane viser til at kvinna hadde ein fart godt under fartsgrensa på staden, og at ho sleppte gassen då ho passerte bussen. Det kan ikkje forventast at ho skulle redusere farten ytterlegare eller stanse heilt opp, meiner dei.

Fagdommaren meiner derimot at kvinna ikkje på nokon måte har innretta køyringa i forhold til bussen som stod på haldeplassen. Ho oppdaga bussen ca. 80 meter og hadde difor tid nok til å avpasse farten, meiner fagdommaren, Nina Elisabeth Thjømøe.

Kvinna har forklart at ho ikkje såg guten før bilen hennar trefte han. Ho høyrde eit dunk og såg at frontruta var knust i høgre hjørnet. Då forstod ho at det var noko alvorleg, og ho stansa bilen.

– Fornuftig og rett dom

Forsvararen til kvinna, Erik Slotterøy, seier at fleirtalet har fylgt han i at det kan skje hendelege uhell i trafikken utan at det «automatisk» skal føre til straffansvar – med andre ord at det kan skje ei ulukke sjølv om føraren er aktsam.

– Eg synest dommen er både fornuftig og rett, utfrå den framstillinga vi har hatt av saka.

Han håpar påtalemakta ikkje ankar dommen.

– Vi meiner tingretten tok ei rett avgjerd, men vi kan aldri forskottere kva oppfatning påtalemakta har.

Slotterøy seier at for den tiltalte kvinna har det vore ei trasig sak, og det viktigaste for henne er at det gjekk bra med den påkøyrde guten.