Hopp til innhold

Vart frifunnen for promillekøyring - retten fann det ikkje bevist at han hadde køyrt

Fjordane tingrett har frifunne ein mann i 40-åra for promillekøyring. Han hadde 1,84 promille alkohol i blodet, men retten kom til at det ikkje var gode nok bevis for at han hadde køyrt bilen.

Fjordane tingrett 12
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var i juli 2013 eit vitne meinte den tiltalte sat bak rattet i ein bil etter å ha vore inne på ein kiosk. Vitnet hadde lagt merke til at det lukta sterkt alkohol av mannen.

Vitnet ringde politiet, og ein patrulje rykte ut og fann mannen heime på tunet. Han sa at det var kjærasten hans som hadde køyrt bilen, men dei tok han med for å ta blodprøve.

Den viste 1,84 promille alkohol. Mannen hadde heller ikkje førarkort, og han vart deretter tiltalt for bilkøyring i rusa tilstand. Aktor la ned påstand om fengsel i 36 dagar og ei bot på 20.000 kroner.

Men ein samrøystes tingrett kom til at det er rimeleg tvil om det var den tiltalte som verkeleg køyrde bilen. Difor vart han frifunnen.