Hopp til innhold

Frifunnen for bedrageri

Ein nordfjording i 50-åra er frifunnen for grovt bedrageri. Mannen stod i Fjordane tingrett tiltalt, og risikerte fengsel i fleire år, for å ha seld ugyldige og verdilause aksjar for 250.000 kroner. Etter bevisføringa trekte påtalemakta saka.