Mellom anna har språkrådet lufta tanken om at det skal vere lov å skrive enkelte engelske ord slik dei blir uttalte - t.d. beiken i staden for bacon. Stortingsrepresentant Inge Lønning frå Høgre vart så opptrekt over framlegget at han ville legge ned heile språkrådet. Han visste tydelegvis ikkje at det alt er vedteke å legge ned Norsk Språkråd, etter tilråding frå medlemmene i rådet.
Torsdag møttest Fretland og Lønning til debatt i Redaksjon 21, og komande onsdag får du møte Jan Olav Fretland i Onsdagsportrettet i NRK Sogn og Fjordane.