– Prøvesvaret frå Veterinærinstituttet i Oslo seier at det er sterk mistanke om paratuberkulose, opplyser seniorinspektør Terje Ramstad ved Mattilsynet i Sunnfjord og Sogn.
Tysdag føremiddag vart det kjent at eit gardsbruk i Fjaler er bandlagt grunna mistanke om den sjeldne sjukdomen. Mattilsynet vart varsla av veterinær etter at ei ku var død. Prøvar frå dyret styrkar mistanken om at noko var gale.
– Men det er ingen synlege teikn på til sjukdom på dei andre dyra. Dette er ein kronisk sjukdom, som gjerne kjem snikande. Ein kan ikkje sjå bort frå at også andre dyr kan vere smitta, seier Ramstad.
- Les også:
Tek prøvar av alle dyra
Den aktuelle garden har både storfe og sauehald.
– No vil vi kartlegge buskapen og gardsbruket for å avdekke om det har vore omsett livdyr og kartlege beite, fôrinnkjøp og så vidare for å danne oss eit bilete av situasjonen. I tillegg vil det bli tatt prøver av dyra som er att på garden.
– Har andre bønder i området grunn til å føle uro?
– Nei, ikkje spesiell uro. Det er ein alvorleg sjukdom som Mattilsynet tek på alvor, men det er ein relativt sjeldan sjukdom.
Langdryg sjukdom
Ifølgje Ramstad er det tradisjonelt geitehald som har vorte råka av sjukdomen i Norge. Men også her har det gått fleire år mellom kvart tilfelle i Sogn og Fjordane. Sjukdomen har frå tid til anna også dukka opp på storfe, og tidlegare i år vart den påvist på alpakka i Buskerud.
Sjukdomen kan gi dyr som er smitta eit langdrygt sjukdomsgang.
– Paratuberkulose er ein bakteriesjukdom som gir forandringar i tarmen over lang tid. Dette gjer at dyra ikkje evnar å ta opp næring og væske som eit friskt dyr, og ofte står dei med langvarig diaré.
Dersom det blir slått fast at det er smitte, kan heile buskapen på garden i Fjaler bli slakta ned, for å hindre smitte.
– Men dette er det ikkje tatt endeleg stilling til, seier seniorinspektøren i Mattilsynet.