Hopp til innhold

Fredag var det varmast her - men finvêret kjem ikkje til å vare...

I Lærdal var det nesten eit snev av sommar fredag. Potetene gjekk i jorda, pusen kosa seg blant blåklokkene og shortskledde ungdommar spelte fotball. Men laurdag ettermiddag er det slutt...

Pusekatten kosar seg blant blåklokkene
Foto: Jan Christian Jerving

På Facebook melde fleire lærdøler om temperaturar på både 17 og 18 grader i løpet av laurdag.

Vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga, Anne Solveig Andersen, har ikkje registrert fullt så høge temperaturar. Men Lærdal hadde den høgste offisielle temperaturen i Sogn og Fjordane ved inngangen av helga.

– På vår målestasjon var høgste temperatur 14,6 grader fredag, og det er klart høgst i fylket, seier Andersen.

Temperaturen skal ned

Det er langt frå nokon rekord, men ein heilt grei temperatur til å vere i byrjinga av april.

– Vi er i ein vårmånad og då er temperaturen veldig varierande, seier Andersen.

Men du treng ikkje pakke vekk ull og leggje om til sommardekk på flekken, viss du ikkje allereie har gjort det. For om ikkje kong vinter kjem på besøk att, så sender han iallfall ein slektning.

– Vi får eit temperaturdropp laurdag ettermiddag. Det kjem ein kaldfront som passerer Vestlandet og går austover, og i kjølvatnet av den vert det kjølig, seier Andersen.

Regn, regn og regn

Laurdag ettermiddag og søndag kan folk i fylket vente seg temperaturar på mellom to og fem grader, i tillegg til ein passeleg porsjon nedbør.

– Vi får bygevêr søndag og snøgrensa kryp ned til mellom 200 og 400 meter. På kvelden kan det bli snø også i låglandet, med ein viss risiko for småglatt veg måndag, trur Andersen.

Også måndag vert det bygevêr, og resten av veka ser det også ut til å bli nedbør.

– Det er ikkje noko fint vêr i vente så langt eg kan sjå nett no. Det er ikkje venta store nedbørsmengder, men er du uheldig og treffer ei skikkeleg bye, så kan du nok bli godt blaut, seier Andersen.