Når den 18. Førdefestivalen går av stabelen 5.-8. juli vert det ei mengd musikalske godbitar å oppleve både frå sjølve Frankrike og frå den franske diaspora, som Vest-Afrika, Canada og USA.
- Det franske kulturområdet har så uendeleg mykje å by på; det har vore ein spennande og utfordrande utvalgsprosess, skriv direktør for festivalen, Hilde Bjørkum i ei pressemelding.
Likheitstrekk i musikken
– Mykje av den franske tradisjonsmusikken har likheitstrekk med den norske, i Norge har vi som kjent hatt sterk påverknad frå anna europeisk musikkultur, så det er ikkje unaturleg. Vi finn vals og masurka, reinlender og polka i Frankrike som i Norge.
– Og så er det flott å oppdage at dansegleda og dansemusikken lever i beste velgåande også i Frankrike – mellom anna gjennom store dansefestar som ”Fest Noz” i Bretagne og ”Bal” i Sentral-Frankrike.
Lo Cor de la Plana frå Marseille
- Men sjølvsagt er det ulikskapar også – ein spennande tradisjon er den fleirstemte vokaltradisjonen frå Sør-Frankrike som vi ikkje har noko tilsvar til i Norge. På festivalen får publikum møte Lo Cor de la Plana frå Marseille, ei gruppe som tek vare på og vidareutviklar denne flotte songstilen. Dei har eit repertoar som spenner frå kyrkjemusikk til lugubre drikkeviser og fengande dansemelodiar, alt framført med stor musikalsk dyktigheit og eit smittande engasjement som gjer dei til publikumsyndlingar kvar dei kjem, fortel ein engasjert festivaldirektør.
Frå det oksitanske området sør i Frankrike kjem gruppa La Talvera. - Dei framfører ein gladlynt og lett tilgjengeleg dansemusikk. Musikarane i gruppa har stått i bresjen for musikkinnsamling og – formidling i det oksitanske kulturområdet og har etablert eit forsknings- og formidlingssenter for oksitansk musikk og språk, seier Bjørkum.
Flora av instrumenttypar
I Bretagne står også dansemusikken sterkt, og i den eldste og særmerkte songstilen kan-ha-diskan, er det kun to songarar som held koken med fengande danserytmar. - Her ”bit songstrofene kvarandre i halen” ved at songarane delvis syng vekselvis, delvis tostemt, og såleis held melodien gåande med ein effekt som kan minne om den ein får når ein blåsar nyttar sirkelpustteknikk, forklarer Bjørkum. Ho kan også fortelje at Frankrike byr på ein flora av instrumenttypar, sekkepiper, dreielire, fløyter, trekkspel og ulike slag rytmeinstrument.
Frankrike er også eit fleirkulturelt samfunn der musikarar med kulturelle røter i andre verdsdelar i stor grad er med på å prege det franske musikklivet i dag. Programmet på Førdefestivalen vil også spegle den store påverknaden landet har hatt på andre kulturar i andre verdsdelar.
Røff og intens klang
Dei franske sigøynarane er ein del av dette biletet. Gruppa Tekameli frå Perpignan på grensa mot Spania er internasjonalt kjende for sine kjenslefylte songar der dei òg nyttar sitt eige språk kalo som lenge var undertrykt av storsamfunnet. Bjørkum meiner at Tekameli kan minne om legendariske Gipsy Kings i stilen, - men dei har ein røffare og meir intens klang som levner liten tvil om at denne musikken kjem rett frå sjela.
Canadiske prisvinnar
I Canada er den franske kulturpåverknaden særleg sterk i Quebec-området, og fransk-kanadisk musikk er utvikla til ein eigen umiskjenneleg stil, der den originale fot-trampinga kanskje er det lettast gjenkjennelege trekket. - Gruppa Le Vent du Nord er populære eksponentar for denne stilen, seier Bjørkum. - Fengande og sjarmerande, prisvinnande i heimlandet, og favorittar på internasjonale festivalscener, legg ho til.
Cajun-musikk frå Sørstatane
Cajun-musikken i Sørstatane i USA har òg franske røter. Og får ein med seg The Savoy-Doucet cajun band med tre av dei mest kjende cajunmusikarane i USA, Michel Doucet og Anne og Marc Savoy, er det truleg det næraste ein kan kome den autentiske cajunmusikken i dag.
Heftige vestafrikanske rytmar
Frå Vest-Afrika kjem m.a. Ablaye Cissoko frå Senegal, med base i Paris. –Dette er ein meisterspelemann, ein såkalla ”griot”, med ein tone og ei nerve vi fall for ved første gjennomhøyring, fortel Bjørkum. –Men også i Norge bur det mange musikarar frå det fransktalande Afrika som vi gjerne presenterer på festivalen. Publikum kan bli med på musikk og dans frå Elfenbeinskysten når Kouame og Raymond Sereba dukkar opp med ambulerande workshop i Førde sentrum festivaldagane. Og Diom de Kossa and the Touba Orchestra beståande av musikarar frå Norge og Elfenbeinskysten byr på heftige vestafrikansk rytmar, avsluttar ho.
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er den største festivalen i Skandinavia for folk/world/trad musikk. Kvart år presenterer festivalen rundt 250 artistar frå heile verda gjennom 80 store og små programpunkt på fire dagar.