Hopp til innhold

Framleis varetekt for 18-åring etter bombetrussel

Den 18-årige jenta som er varetektsfengsla i fire veker for bombetrussel mot eit Widerøe-fly frå Flesland må framleis sitte i varetekt.

Bombetrussel på Flesland

KAOS: Bombetrusselen skapte kaos på Flesland lufthamn tysdag for åtte dagar sidan, då flyplassen vart stengt i fire timar medan politiet avklara situasjonen.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Det avgjorde lagmannsretten i dag.

Førre torsdag gav Fjordane tingrett politiet medhald i fire veker varetekt, men forsvararen hennar anka avgjersla. I dag vart det klart at anken ikkje førte fram.

Meiner varetekt ikkje er eigna

Tysdag kveld for åtte dagar sidan gjekk bombealarmen på Flesland. All flytrafikk vart stogga i over fire timar.

Ei 18 år gamal kvinne frå Sunnfjord vart pågripen i Førde, mistenkt for å ha stått bak trusselen. I avhøyr vedgjekk kvinna at ho via eit chatteprogram hadde trua med at ei bombe var plassert i ein koffert på eit fly som skulle til Kristiansund.

Politiet fann òg spor på telefonen hennar som stadfesta tilståinga. Likevel erkjente ikkje kvinna straffeskuld under fengslingsmøtet førre torsdag.

– Varetekt er ikkje eigna i denne saka, og min klient meiner ho treng andre ting enn ei fengsling, sa forsvarar Odd Bovim. Dagen etter anka dei varetektsfengslinga til lagmannsretten.

Lagmannsretten forkasta anken

Gulating lagmannsretten opprettholdt i dag avgjerda om fire veker varetektsfengsling. Retten meiner dei medisinske opplysningane i saka ikkje gjev grunnlag for å tru at den sikta kvinna var psykotisk på gjerningstidspunktet.

Vidare vurderer lagmannsretten at fengsling er naudsynt for å hindre at den sikta gjer nye straffbare handlingar av same karakter.

Lagmannsretten har i tillegg lagt vekt på samfunnet sitt behov for vern mot slike lovbrot.

Avgjerda om å forkaste anken var samrøystes.