NRK Meny
Normal

Framleis stengt mellom Førde og Askvoll

Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll har vore stengt i natt og vurderinga gjort i ettermiddag gjer at vegen vert stengt i natt og. Ny vurdering vert gjort laurdag morgon klokka 09.00.

Fylkesveg 609

TVILAR PÅ OPNING: Eli Solberg på Vegtrafikksentralen tvilar på at fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll vert opna etter vurderinga klokka 13.00 i ettermiddag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Etter vurderinga gjort no klokka 13.00 er det bestemt å halde vegen stengt fram til laurdag morgon klokka 9.00. Då vert det gjort ei ny vurdering, seier vaktoperatør ved vegtrafikksentralen i Lærdal, Ketil Molvær.

Sjølv om det har regna jamt og trutt dei siste 24 timane har det enno ikkje ført til dei største problema på vegane i Sogn og Fjordane.

– I fjellet kjem nedbøren som regn og sjølv om det er mykje vatn på vegane går trafikken som normalt, seier Molvær.

– Eg hadde forventa at det skulle føra til fleire problem, men sidan det ikkje styrtregnar ser det ut som at det har gått bra til no, seier vaktoperatør ved vegtrafikksentralen, Eli Solberg.

Sterk vind har ført til stenging av Rugsundbrua, men den er no opna att. Måløy-brua opplever også strek vind, og begge bruene kan bli stengt att om vinden tar seg opp. Vinden på bruene er framleis godt under styrken som ville ført til stenging.

Det same gjeld for fjellovergangane, der det største problemet er den sterke vinden.

Vi oppdaterer saka.