NRK Meny

Framleis serieleiar

Kjersti Boge Solås frå Dale sette inn to av måla då Tertnes i går kveld slo Sola i eliteserien i handball med 34-27. Laget frå Bergen er dermed framleis serieleiar. Årdølen Hege Bakken Wahlquist vart toppscorar for Glassverket med 11 mål då hennar lag tapte med seks mål borte mot Byåsen. Også for June Andenæs frå Gloppen vart det tap. Ho måtte nøye seg med eitt mål då Vipers slo Molde 37-19.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.