Hopp til innhold

Fjellet er framleis ikkje trygt

2000-5000 kubikkmeter steinmasse som ligg att oppe i fjellsida etter raset i Gudvangen, utgjer ein fare for bustadfeltet ved foten av fjellet og må sprengjast bort.

Ras i Gudvangen

NESTEN SOM VULKANOSKE: Raset støyla heile Nærøydalen frå Skjerping til sjølve Gudvangen, nede ved fjorden 4 km unna.

Foto: Georg Olafr Reydarsson Hansen
Ras i Gudvangen

DRAMATISK: For innbyggjarane og augevitne langs E16 vart det nokre dramatiske sekund då raset gjekk tysdag morgon.

Foto: Georg Olafr Reydarsson Hansen

Det er konklusjonen etter at ein geolog har vore på synfaring.

Bebuarar på Skjerping ved rasstaden i Nærøydalen blir likevel ikkje tvangsevakuerte etter storraset som gjekk tysdag morgon. Etter å ha blitt orienterte om stoda onsdag kveld, har alle valt å bli buande.

Må sprengje

Ein geolog har i løpet av dagen vore over rasstaden med helikopter, etter at Aurland kommune alt på rasdagen hadde synfaring nede i dalbotnen der raset stoppa.

– Geologen konkluderer med at det framleis er att 2000- 5000 kubikk som utgjer ein fare i fjellsida. Det er sprekkdanning i steinmassen som gjer at den kan komme ned.

– Det er derfor bestemt at det skal sprengast ned på ein kontrollert måte. Tilsette i kommunen vil begynne planlegginga av dette arbeidet i morgon tidleg, opplyser operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet har som saman med kommunen, NVE og NGI har vore på staden i løpet av onsdagen.

Ovanfor bustadfelt

Det var tysdag morgon at store steinmasser losna frå om lag 1000 meters høgde. 5000-10000 kubikk vart knust og la seg til ro i elveleiet 400-500 meter ovanfor bustadfeltet på Skjerping.

Raset utløyste ei støvsky som la seg over store delar av Nærøydalen, og hadde ein slik styrke at det slo ut på ein målestasjon Institutt for geovitenskap ved UiB har i Høyanger.

Registreringa som vart gjort, tilsvarar eit jordskjelv på kring 2 på Richters skala.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.