Hopp til innhold

Framleis mange som ikkje har vegadresse

Berre 41 prosent av innbyggarane i fylket har vegadresse, og framdrifta siste året har også vore av dei svakaste i landet.

Vegadresser kart Sogn og Fjordane
Foto: Kartverket

Fylkeskartsjef Britt Anne Bergfjord seier det er varierande korleis kommunane har prioritert arbeidet med gateadresser.

– Sogn og Fjordane ligg dårleg an i forhold til resten av landet, seier ho.

I Norge sett under eitt er det nær 370.000 nordmenn som bur på stader som ikkje har vegnamn og hus. Det kan skape problem for ambulansar og andre utrykkingskøyretøy. Verst er det altså i Sogn og Fjordane. Her er det nær 50.000 personar som ikkje har vegadresse, ifølgje Statens kartverk.

Dårlegast i landet

80 prosent av alle hus og eigedomar i Norge har vegadresse, medan resten berre har ei talrekkje med utgangspunkt i gards- og bruksnummer.

Berre 41 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane har vegadresse. Det er dårlegast i landet. Til samanlikning har nabofylket i nord 63 prosent, medan Hordaland i sør har 84 prosent.

Kommunane har ansvaret

Det er kvar enkelt kommune som har ansvaret for adresser, og som må prioritere å bruke pengar på dette. Framleis står 47 kommunar i landet utan ei einaste vegadresse, av desse ligg fem i Sogn og Fjordane.

Ei av årsakene er at vi har mange små kommunar i Sogn og Fjordane. I mange kommunar er det få personar som jobbar med dette og det er varierande i kor stor grad arbeidet blir prioritert. Men vi meiner at arbeidet med adresser er viktig, seier ho.