Lerum fabrikker har jobba for å fjerne denne avgifta fordi dei meiner den påfører selskapet ekstrakostnader.
Naturvernforbundet nøgd
Norges Naturvernforbund meiner dette er ein siger. -Norge har eit godt pantesystem i dag. Miljøavgifta bidreg til ein desentralisert bryggeristruktur som gjer at vi slepp å transportere mineralvatn og øl over store avstandar, seier nestleiar Lars Haltbrekken.
Ikkje samd
Men Lerum argumenterer stikk motsett. Logistikksjefen meiner at dei får meir transport med dagens ordning og at dette er ei ekstrautfgift for distrikta.
Hjelp frå opposisjonen
No håpar logistikksjef Jan Audun Larsen i Lerum fabrikker at opposisjonen på Stortinget vil legge press på å få fjerna avgifta slik at tradisjonelle panteflasker og gjennvinningsflasker vert likestillte.