Hopp til innhold

Framleis alvorleg for bilførar (41) etter kollisjon

Tilstanden til den 41 år gamle mannen som sat fastklemd etter ein frontkollisjon på riksveg 5 ved Storebru laurdag, blir søndag skildra som alvorleg, men stabil.

Bilførar alvorleg skadd etter kollisjon på riksveg 5 ved Storebru

KRAFTIG SMELL: Den 41 år gamle mannen som køyrde den blå bilen er framleis alvorleg skadd.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Mannen vart ein kort periode sitjande fastklemd i bilen etter ein frontkollisjon med ein annan personbil like aust for Storebru på riksveg 5 mellom Naustdal og Eikefjord laurdag ettermiddag. Det byrja å brenne i bilen etter den kraftige samanstøyten, men folk som kom til fekk kasta vatn på flammane og trekt mannen ut av bilen.

Bilføraren vart send til Førde sentralsjukehus med alvorlege skader, og vart kort tid etter send vidare med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

– Han er framleis å rekne som alvorleg skadd, men stabil, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no søndag ettermiddag.

Dei tre ungdomane som sat i den andre bilen vart lettare skadde.

Ingen av dei fire involverte skal vere avhøyrde enno, og Holme opplyser at dette vil bli gjort så snart det let seg gjere.

Skadestadsleiar Åge Løseth i politiet sa laurdag at den eine bilen hadde kome over i feil køyrefelt i forkant av frontkollisjonen, men ville då ikkje gå nærare inn i detaljar. Politiet har gjort fleire undersøkingar på ulukkesstaden og held fram etterforskinga.