Framleis alvorleg
Tilstanden for mannen i 80-åra som køyrde i eit tre i Hornindal måndag ettermiddag er framleis alvorleg, men stabil. Det skriv Helse Førde på sine nettsider. Ulukka skjedde på Grodås, og politiet veit førebels ikkje kva som forårsaka ulukka.