Skuta er eigd av reiarlaget Sandfrakt i Ølen i Hordaland. Sandsund var på veg inn til Elkem for å losse skuta for sand. Men under innseglinga har noko gått gale og skuta hamna på ein sandbanke, mellom to stakar som viser sandbanken. I følgje politiet er sandbanken godt merka, men det har skjedd grunnstøytingar i området tidlegare. Sandsund grunnstøytte i ni-tida i dag tidleg, men i halv tolv-tida vart skipet dratt av grunn av redningsskøyta.
Lang erfaring
Reiarlaget Sandfrakt opplyser at kapteinen ombord har lang erfaring i selskapet. I følgje reiarlaget skal det ikkje vere fare for lekkasjar frå skuta, og den har heller ikkje fått nokon skadar grunnstøytinga.
Sandsund er heimehøyrande i Bergen og var bygd i 1967 i Danmark. Båten er 55 meter lang, og stikk knappe 4 meter djupt.