Hopp til innhold

Frå u-hjelp til millioninvestering

Mot slutten av førtitalet fekk norske bønder traktorar frå USA. I dag er utstyret på gardane topp moderne.

Utviklinga på traktorfronten har vore heilt enorm.

SJÅ VIDEOEN: Denne vesle traktoren kom til Norge i 1948 med Marshall-hjelpa. I dag er han eit historisk dokument på utviklinga i norsk landbruk.

– Dette med å vera i front er den norske bonden god på. Det gjeld å ha det beste utstyret og det har han, seier Kåre Hauge. Han er medlem av Gammeltraktorens venner.

Men det har ikkje alltid vore slik. Traktoren Hauge sit på er ein Farmall Cub frå 1948. Den 900 kilo tunge traktoren kom hit til landet med Marshall-hjelpa.

Mangel på arbeidskraft

Målt opp mot hest og handreiskap var Farmall Cub med 18 hestekrefter ein revolusjon. Etter krigen var det lett for ein bondegut å få godt betalt arbeid utanfor garden.

Høge lønningar i industrien og mangel på arbeidskraft gjorde at fleire bønder såg behovet for traktor og moderne reiskap.

Ikkje for alle

Fram til 1950 var det rasjonering på traktorar. For å få kjøpe traktor måtte du fyrst søkje jordstyret og gjera greie for behovet.

Store gardar kunne få lov til å kjøpe traktor til eige bruk, medan andre fekk kjøpe traktor til å drive leigekøyring.

– Hit til bygda kom den fyrste traktoren i 1953, men det var fyrst på 60- og 70-talet at det vart vanleg med traktor på alle gardar, seier Hauge.

Den vesle, grå Fergusonen, betre kjent som Gråtass, vart ein stor salssuksess. Og trass i restriksjonane, vart det i perioden 1947–1955 importert 15 000 Ferguson-traktorar.

Dette vart «folketraktoren» som sidan har stått som eit symbol på den tidlege mekaniseringa av jordbruket.

Helge Nedrebø

HELGE NEDREBØ: er ein av dei unge heiltidsbøndene som har investert millionbeløp på moderne teknologi.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Unge bønder i front

Helge Nedrebø er ein av dei unge bøndene som brukar mykje pengar på moderne teknologi. Han har datateknologi i traktoren og robot i fjøset.

– Banken spør om du skal ha mjølkerobot når du kjem for å ta opp lån. Du må ha ein god grunn til ikkje å ha det, fordi den er ei god budeie som gjer jobben. Det er liksom malen no.

Han meiner at teknologien gjer kvardagen meir fleksibel.

Fritida han kjøper seg gjennom teknologiske hjelpemiddel, brukar han mellom anna til entreprenørverksemd på eit steinbrot på eigedommen.

– Hadde eg drive berre med garden ville eg hatt godt med fritid, seier han.

Tor Helge Uglum

SALSSJEF MASKIN: Tor Helge Uglum i Felleskjøpet meiner bonden er flink til å kjøpe traktor etter behovet.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Kjøper traktor etter behov

Salssjef for maskin på Felleskjøpet, Tor Helge Uglum, seier at det er dei unge som satsar og investerer for fleire slektsledd framover som kjøper dei dyre og høgteknologiske traktorane.

Er bonden vorte ein jålete utstyrsfrik?

– Nei, mitt inntrykk er at bonden er flink til å kjøpe traktor etter det faktiske behovet han har. På Austlandet der det er store, flate jorde, blir det seld mange traktorar med GPS-system. Dette går det lite av her på Vestlandet.

Han meiner dette er eit bevis på at bonden tilpassar investeringane etter behovet han har.

– Dei som satsar brukar mange timar i traktor, og det er ikkje uvanleg at heiltidsbønder kjøper serviceavtaler på opp til tusen timar i året.