Frå krise til rekordoveskot

Østerbø Maskin har meir enn dobla årsresultatet frå 2014 til 2015. – Det er all grunn til å vere nøgd med resultatet for 2015, seier Steinar Holen som er dagleg leiar i Østerbø Maskin AS, til Firda. Inntektene auka frå dryge 42 millionar kroner i 2014, til drygt 56 millionar kroner i 2015. Årsresultatet auka frå 1,6 millionar i 2014, til 3,8 millionar i 2015. I 2013 var situasjonen ein heilt annan med rekordunderskot.